Lovdata
HJEM RESSURSER TJENESTER HJELP LENKER OM LOVDATA KONTAKT OSS SØK
Skriv ut Utskriftsvennlig versjon
Norsk Lovtidend    Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova)
Dokumentet er hentet fra Norsk Lovtidend og er ikke ajourført med eventuelle endringer. Klikk her for å se om det finnes en ajourført versjon.

DATO: LOV-2009-06-19-44
DEPARTEMENT: BLD (Barne- og likestillingsdepartementet)
PUBLISERT: I 2009 hefte 7 s 993
IKRAFTTREDELSE: Kongen bestemmer.
ENDRER: LOV-1992-07-17-100
KUNNGJORT: 2009-06-19      kl. 16.45
RETTET:
JOURNALNR: 2009-0580
KORTTITTEL: Krisesenterlova

INNHOLD

Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova)
    § 1. Formålet med lova
    § 2. Krav til krisesentertilbodet
    § 3. Individuell tilrettelegging av tilbod
    § 4. Samordning av tenester
    § 5. Teieplikt
    § 6. Opplysningar til barneverntenesta
    § 7. Politiattest
    § 8. Internkontroll
    § 9. Statleg tilsyn
    § 10. Bruk av lova på Svalbard
    § 11. Ikraftsetjing og overgangsreglar
    § 12. Endring i anna lovgjeving


Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova)

Ot.prp.nr.96 (2008-2009), Innst.O.nr.130 (2008-2009) og Besl.O.nr.132 (2008-2009). Odels- og lagtingsvedtak hhv. 15. og 18. juni 2009. Fremmet av Barne- og likestillingsdepartementet.

Endring i følgende lov:

       Lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester (barnevernloven).

§ 1. Formålet med lova

       Formålet med denne lova er å sikre eit godt og heilskapleg krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar.

§ 2. Krav til krisesentertilbodet

       Kommunen skal sørgje for eit krisesentertilbod som skal kunne nyttast av personar som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar, og som har behov for rådgjeving eller eit trygt og mellombels butilbod.

       Tilbodet skal gi brukarane støtte, rettleiing, hjelp til å ta kontakt med andre delar av tenesteapparatet og skal omfatte:

a) eit krisesenter eller eit tilsvarande gratis, heilårs, heildøgns, trygt og mellombels butilbod, og
b) eit gratis dagtilbod, og
c) eit heilårs og heildøgns tilbod der personar nemnde i første ledd kan få råd og rettleiing per telefon, og
d) oppfølging i reetableringsfasen, jf. § 4.

       Enkeltpersonar kan vende seg direkte til krisesentertilbodet som nemnt i andre ledd, utan tilvising eller timeavtale.

       Kommunen skal sørgje for god kvalitet på tilbodet, mellom anna ved at dei tilsette har kompetanse til å ta vare på dei særskilte behova til brukarane.

       Butilbodet til kvinner og butilbodet til menn skal vere fysisk skilde.

       Departementet kan gi forskrift om krav til kompetanse hos dei tilsette og krav til fysisk sikring av lokale.

§ 3. Individuell tilrettelegging av tilbod

       Kommunen skal sørgje for at tilbodet så langt råd er blir lagt til rette slik at det kjem dei individuelle behova til brukarane i møte.

       Kommunen skal sørgje for å ta vare på barn på ein god måte som er tilpassa deira særskilte behov, og skal også sørgje for at barn får oppfylt dei rettane dei har etter anna regelverk.

       Kommunen skal sørgje for at brukarar av bu- og dagtilbodet får tilgang til kvalifisert tolk dersom det er nødvendig for at dei skal få eit fullgodt tilbod. Kommunen skal sørgje for rutinar for kvalitetssikring, bestilling og betaling av tolketenester.

§ 4. Samordning av tenester

       Kommunen skal sørgje for at kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar, får ei heilskapleg oppfølging gjennom samordning av tiltak mellom krisesentertilbodet og andre delar av tenesteapparatet.

       Tilbod og tenester etter denne lova kan inngå som ledd i samordninga av ein individuell plan etter anna lovgiving, jf. sosialtjenesteloven § 4-3 a, pasientrettighetsloven § 2-5, psykisk helsevernloven § 4-1 og lov 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene § 6-2 a.

§ 5. Teieplikt

       Alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, har teieplikt etter forvaltningsloven §§ 13 til 13 e. Brot på teieplikta straffast etter straffeloven § 121.

       Teieplikta gjeld også fødestad, fødselsdato, personnummer, statsborgarforhold, sivilstand, yrke, bustad, arbeidsstad og andre opplysningar som kan røpe at nokon har vore i kontakt med tilbodet.

       Opplysningar til andre forvaltningsorgan, jf. forvaltningsloven § 13 b nr. 5 og 6, kan berre givast når dette er nødvendig for å fremme oppgåvene til kommunen etter denne lova, eller for å førebyggje vesentleg fare for liv eller alvorleg skade på helsa til nokon.

§ 6. Opplysningar til barneverntenesta

       Alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, skal i utføringa av arbeidet vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.

       Utan hinder av teieplikta skal alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova av eiga tiltak gi opplysningar til barneverntenesta i kommunen når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. barnevernloven § 4-10, § 4-11 og § 4-12. Det same gjeld når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. barnevernloven § 4-24.

       Barnevernloven § 6-4 andre ledd tredje og fjerde punktum gjeld tilsvarande.

§ 7. Politiattest

       Den som blir tilsett eller får tildelt oppgåver som inneber kontakt med brukarar av eit krisesenter eller tilsvarande bu- og dagtilbod, skal leggje fram politiattest.

       Politiattesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt, har vedteke førelegg eller er dømd for brot på straffeloven §§ 162, 192, 193, 194, 195, 196, 197, 199, 200 andre ledd, 201, 201 a, 203, 204 a, 219, 224, 229 andre og tredje straffealternativ, 231, 233, 267 og 268.

       Brot på straffeloven §§ 192 til 197, 199, 200 andre ledd, 201 første ledd bokstav c, 201 a, 203, 204 a og 233 skal det opplysast om utan den tidsavgrensinga som følgjer av lov 11. juni 1971 nr. 52 om strafferegistrering § 6 første ledd nr. 4-9. Brot på dei andre føresegnene som er nemnde ovanfor, skal det opplysast om i samsvar med lov 11. juni 1971 nr. 52 om strafferegistrering § 6. Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.

       Departementet kan gi nærmare forskrift om krav til politiattest, medrekna retningslinjer om oppbevaring av attestane.

§ 8. Internkontroll

       Kommunen skal føre internkontroll for å sikre at dei verksemdene og tenestene som utgjer krisesentertilbodet, utfører oppgåvene sine i samsvar med krav fastsette i lov eller forskrift. Kommunen må kunne gjere greie for korleis ein oppfyller denne plikta.

§ 9. Statleg tilsyn

       Fylkesmannen skal føre tilsyn med at kommunen oppfyller pliktene pålagde etter §§ 2, 3, 4 og 8.

       Reglane i kommuneloven kapittel 10 A gjeld for den tilsynsverksemda som er nemnd i første leddet.

§ 10. Bruk av lova på Svalbard

       Kongen kan gi forskrifter om bruken av lova på Svalbard og har høve til å fastsetje særlege reglar der det blir teke omsyn til forholda på staden.

§ 11. Ikraftsetjing og overgangsreglar

       Lova blir sett i kraft frå den tid Kongen bestemmer. Departementet kan i forskrift gi nærmare overgangsreglar.

§ 12. Endring i anna lovgjeving

       Med verknad frå ikraftsetjinga av lova gjer ein denne endringa i anna lovgjeving: Barnevernloven § 6-4 a blir oppheva.


Dokumentet er hentet fra Norsk Lovtidend og er ikke ajourført med eventuelle endringer.